Publisher, ISBN & more
- ISBN
- 9788254314050
About this book
Kvifor bruker vi bøker og ikkje skriftrullar? Kva har moderne lesebrett med antikkens skrifttavler å gjera? Og hadde dagens bøker sett heilt annleis ut om ikkje dyreskinn var avlange? Slike spørsmål tek Hans Johan Sagrusten opp i denne boka.Boka om boka handlar om gamle skrivemateriale som papyrus og pergament, om vokstavler og skriftrullar - men òg om oss sjølve.For historia om boka er samtidig historia om vår eigen kultur. Gjennom to tusen år har Bibelen påverka skriftkulturen og vore pådrivar for den teknologiske utviklinga i bokkunsten. I denne store boka har ein alltid brukt berre det beste av skrivematerialar, det vakraste av kunsten, det nyaste av teknologi - alt dette som har forma både bokkunsten og våre eigen kultur.
Similar books
Rummaging the shelves…
Reviews
Loading reviews…